Meld meg på


Ho har med seg ingen ringare enn oste-entusiast og sidevognsjåfør Finn Tokvam på slep til Jondal og Hardanger House!
Saman serverer dei ei smakfull stund der vinen og osten står i fokus, men der det òg blir rom for gode historier, skråblikk og lun humor. Her får du ikkje berre smake – du får også lære, le og kanskje oppdage ein ny favoritt i glaset og på ostefatet.
Etter smakinga flyttar gjestene seg opp til Restaurant Conradus der det blir servert ein tilpassa 3-rettars meny signert Kokken Arthur, der osten igjen har hovedrolla og der Merete sine utvalgte og nøye tilpassa vinar skal nytast saman med dei tre rettane. Vi lovar deg ein kveld du seint vil gløyme!
Om Merete:
Merete Bø er ein av Noregs mest profilerte og meritterte vinkjennarar. Ho har mellom anna vunne NM for sommelierar og nordisk meisterskap, og er kjend for si mangeårige karriere som vinjournalist i Dagens Næringsliv. I 2025 gjekk ho ut av den faste stillinga si i Dagens Næringsliv for å starte si eiga uavhengige plattform, Cases Wine. Samstundes driv ho den svært populære vinpodkasten «Jeg kan ingenting om vin» saman med komikaren Thomas Giertsen. Merete er stolt vossing, utdanna sommelier, og har tidlegare vore vinansvarleg og kjellarmeister ved prestisjetunge stader som Park Hotel Vossevangen og Bagatelle.
Om Finn:
Finn Tokvam kjem frå Flåm i Sogn, men arbeider og bur i Bergen. Han er humorist, kåsør, programleiar, journalist, forfattar og artist, og jobbar i spennet mellom fagjournalistikk og rein underhaldning. Finn blei tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008. Han har 20 års røynsle frå TV i program som P.I.L.S og Radio Røynda på NRK, og har dei seinare åra vore gjest på Nytt på Nytt og fleire gonger i panelet til Brille. Finn har vore spaltist og kåsør i Bergens Tidende, hatt sitt eige talkshow Folk & Finn og er ein velkjend vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. I 2005 debuterte han som forfattar med romanen Tyl (Samlaget) saman med Halvor Folgerø. Dei to har også skrive biografien om Ragnar Hovland - Ler dei no så har eg vunne.
Ta kontakt på telefon 404 33 401 eller epost booking@hardangerhouse.no ved forespørsel eller bestilling.
- Arrangement utan overnatting kr 2.590,-
- Arrangement med overnatting 1 person i enkeltrom kr 4.500,- inkludert frukost
- Arrangement med overnatting 2 personar i dobbeltrom kr 7.500,- inkludert frukost
Ta kontakt på telefon 404 33 401 eller epost booking@hardangerhouse.no ved forespørsel eller bestilling.
Meld meg på

Hardanger House er et familieeid designhotell som er omkranset av vakre Hardangerfjorden, Folgefonna og majestetiske vestlandsfjell!
Rommene på Hardanger House byr på alt du trenger for et behagelig og trivelig opphold. Samtlige rom har møblert terrasse med fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.
I restauranten opplever du en kulinarisk reise gjennom Hardanger. Kjøkkenet presenterer en ujålete gourmetopplevelse tilberedt av de beste lokale råvarer.
Les mer
Spill av video